Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håkon Bergersen vann el-sparkesykkel

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. november 2022

I midten av oktober markerte det lokale eltilsynet i S-Nett «Elsikkerhetsdagen» – den nasjonale dagen for å ta kontroll over di eiga elsikkerheit. Nettkundane i Møre og Romsdal kunne, i samband med dette, gjennomføre ein digital eigenkontroll som ville avdekke potensielle brannfarar i heimen. Meir enn 20 000 husstandar gjennomførte kontrollen og på den måten gjorde heimen sin litt tryggare.

Fleire tusen moglege branntilløp hindra

Eitt av kontrollpunkta i kontrollen, var varmvatn-bredar, støpselet til vaskemaskin og støpsel og kontaktar for varmgang. Varmgang er misfarging eller brennmerke som oppstår på grunn av kontaktsvikt og dårleg kontakt i støpsla. Det er eit fareteikn som kan føre til brann, før eller seinare. Hos 17 prosent av husstandane vart det funn teikn til varmgang, «Elsikkerhetsdagen» har med andre ord potensielt avverga 3 416 moglege branntilløp. 

Det vart også avdekt 475 jordfeilbrytarar som ikkje fungerte. Ein jordfeilbryter skal kutte straumen dersom det oppstår jordfeil. Jordfeil kan i verste fall føre til brann, og det er stor risiko for berøringsfare.

8267 av husstandane i kontrollen har bil med ei eller anna form for lading. 20 prosent av desse ladar framleis med vanleg stikkontakt heime. Desse bør absolutt sørge for ladeboks for trygg heimelading.

Heldig vinnar

Dei som gjennomførte kontrollen i kampanjeperioden, var med i trekninga av ein elektrisk sparkesykkel. Ein vinnar frå kvart nettområde vart trekt ut. I Surnadal var det Håkon Bergersen som stakk av med premien. Han opplevde utbytte av sjølvkontrollen, spesielt når det kjem til feste av leidningar, og fortel at kontrollen var både enkel og lærerik.

Han oppfordrar andre til å gjennomføre kontrollen. 
Den er framleis tilgjengeleg ved å følge denne linken https://elsikkerhetsdagen.no/

Høgtid for brann

No som fleire finn fram julepynten og gjer seg klar for å lyse opp i mørketida anbefaler S-Nett alle til framleis å ha eit bevisst forhold til eiga elsikkerheit. Det er ingen hemmelegheit at jula også er høgtid for brann i heimen. 

Anders Betten, dagleg leiar i Svorka elsikkerhet, har sett opp ei sjekkliste for sikker bruk av julebelysning:


Alder – Sjekk alltid julebelysningen for sprukne ledninger og andre svekkelser. Vær oppmerksom på at gamle pærer kan avgi høy varme.
Kabelklem – Unngå at kabler klemmes i dører eller vinduskarmer. Dette kan føre til at kabelen blir farlig å ta på.
Kabler i veien – Pass ekstra på barn og dyr i nærheten av ledninger. Husk også at skjøteledninger kan være både snuble- og brannfeller.
Natt – Skru av julebelysningen om natten og når du ikke er hjemme. Trekk ut kontakten, ikke bruk pærene som brytere.
Jording – Dersom du har installert jordfeilbryter, er det lurt å sjekke at denne fungerer med testknappen.
Ute – Bruk kun skjøteledninger som er laget for utendørs bruk. Disse skal kun plugges inn i utekontakter som er montert av en elektroinstallatør.
Ring elektriker – Skal du dekorere hele huset med belysning, bør du ringe en elektriker. Da kan du være trygg på at anlegget tåler bruken og at du unngår farlig overbelastning.
Spar miljø og penger – Du kan spare strøm ved å bytte til LED-belysning og tidsstyring.
CE-merket – Julelys bør i det minste være CE-merket, men vær klar over at dette ikke sier noe om kvaliteten på produktet. Sjekk også at du har valgt riktig CE-merke.


Meir informasjon:

Anders A. Betten, daglig leder Svorka elsikkerhet, tlf. 908 25 320

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. november 2022, 16:51