Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Tysdag 15. november mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.
Kven som helst kan altså møte opp for sjå om det er noko dei kan ha interesse av, sjølvsagt med unnatak av det som andre eig – som «Halsesamlinga».
Surnadal bibliotek trur det aller meste av det som blir att etter tysdag kveld, vil bli kassert, så det er berre å «la tvilen komme boka til gode», og heller ta med ei ekstra heim enn motsett.
Det er Surnadal bibliotek som står som arrangør av gratis «sjølvplukk» ved biblioteket på Todalen skule tysdag kveld.