Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Allehelgensdag – vemod og lys

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. november 2022

Søndag 6. november er det allehelgensgudstenester i kyrkjene i S. Ei samling med vemod, men også lys. Ein ny tradisjon har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgensdag tek opp i seg to gamle høgtidsdagar – ein for alle heilage utan eigen minnedag (Helgemesse, opprinneleg 1. november) og Alle sjelers dag, 2. november. I Todalen kyrkje er det Allehelgensgudsteneste 6. november klokka 11:00.

Som dagen da vi minnest våre kjære, særleg dei som har gått bort siste året, har den vorte ei varm og viktig høgtid i kyrkjene våre.

I år vil mange kyrkjer i Surnadal vera opne i timane før dei oppsette gudstenestene. Der vil vertskapet servere kaffe, det blir høve til stillhet og ettertanke, lystenning både ute på kyrkjegarden og i lysgloben inne og høveleg orgelmusikk.

Vemod – frå Åsskard kyrkje i 2021. Foto: Bernt G. Bøe

Ranes og Todalen kyrkjer har messe til vanleg tid, klokka 11:00. Åsskard har gudsteneste kl. 14:00, men er open frå klokka 12:00. Stangvik opnar klokka 13:00 – med messe klokka 18:00 I Mo kyrkje er det musikkandakt klokka 19:30, med opa kyrkje på førehand. Allehelgensgudstenesta i Ranes kyrkje og musikkandakta i Mo kyrkje blir sendt digitalt. Desse kan du sjå ved å trykke på lenkene over (kyrkjenamnet i kursiv), når dei tek til på søndag. 

Torbjørn Brøske er prest i Todalen, Åsskard og Stangvik. Han fortel at konfirmantane deltek med lystenning for dei som er døde siste året. Korgrupper vil også delta. Dagens evangelium, Sæleprisingane frå Bergpreika, blir sunge til musikk frå Egil Hovlands «Allehelgensmesse».  Organist Bernt Bøe spelar høveleg musikk før desse tre gudstenestene.

Samtidig som dette er ein vemodets dag ved saknet av dei som har gått bort, legg kyrkja til rette for at lyset og håpet skal skine.  

Publisert: 3. november 2022, 17:10