Torsdag vart det sett ut 11.000 einsomrig yngel i Toåa. Det var mannskap frå Rossåa settefiskanlegg som sørga for at yngelen kom trygt ut i elva. Dette er ein del av konsesjonsavtalen med Statkraft i høve reguleringa av Toåa da Driva kraftanlegg vart bygd.
På vårparten vart det sett ut ein del 2-årig smolt, og den ekstra utsettinga er gjort for å rette opp eit etterslep i utsettinga. Daglig ledar i Rossåa settefiskanlegg, Monika Klungervik, har sendt oss bilete frå utsettinga som har skjedd ved Raudåhølen (3500), Lykkja (3500) og Ramsøya (4000)