I si tilråding til formannskapsmøtet i morgon, fredag 4. februar, foreslår kommunedirektør Knut Haugen å invitere til ei idemyldring for å finne ut kva som skal skje med bygningsmassen, som fram til hausetn 2021, husa Todalen skule. Kommunen gjekk i oktober ut med oppfordring til eventuelle interesentar om å melde si interesse, men dette har, så langt, ikkje resultert i konkrete forslag. Difor vil kommunedirektøren no invitere bygdefolket til idemyldring før endeleg avgjer om framtidig bruk av bygningane/arealet blir vedteke.
På dette idemyldringsmøtet vil kommunen presentere sine foreløpige planer og handlingsrom for bygningane/arealet, samstundes som dei ønsker innspel frå bygdefolket, og andre, til korleis ein kan utnytte bygningsmassen/arealet på best mogleg måte, både for kommunen og lokalsamfunnet.
I sitt saksframlegg seier Haugen vidare at full riving eller delvis riving av skulebygget er det mest aktuelle akkurat no, og heller bruke det frigjorte arealet til for eksempel boligformål, i samarbeid med private eigedomsutviklarar. Han seier også at bygningsmassen, slik den står i dag, forfell fort.
Dei tre mest aktuelle forlaga per i dag er, slik kommunedirektøren ser det er:
- Rive heile bygget og frigjere arealet til for eksempel boligbygg for utleige
- Rive den eldste delen og deretter inngå ein langsiktig driftsavtale med for eksempel grendalaget om bruk av resten av bygget, inkludert gymsalen
- Bygge om (deler av) bygnigsmassen til andre formål (som t.d. bolig?)
Haugen meiner ei idemyldring vil vere viktig for å få eit så breitt grunnlag som mogleg, før endeleg vedtak i saka blir gjort.
Dersom nokon har konkrete idear eller planer for framtidig bruk av bygningane/arealet ved Todalen skule, så er det berre å ta kontakt med kommunen.
Her kan du lese heile saksframlegget: «Vurdering av framtida for skulebygget i Todalen»