Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! vinter og ski med lokale turmål

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. desember 2021

Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Dette er første året Surnadal kommune har fotturar på vinteren, og eitt av turmåla er Toåa tursti. I Tillegg er lysløypa på Tjønnmyra med i Stikk UT! ski

Dei fire turmåla som er med i Stikk UT! vinter i Surnadal kommune er:

  • Heggemsneset- Kallset i Bøfjorden.
  • Rundtur om Kraftstasjonen i Bøverfjorden
  • Toåa tursti i Todalen. Koden er på baksida av treet med alle dei gaue retningsskilta.
  • Rundturen «Rundt Gryta» i sentrum av Surnadal. Du finn koden der vegen opp til alpinsenteret tek av.

Turbeskrivingar finn du som vanleg på Stikk UT!-sida og i Stikk UT!-appen.

Turmåla i Stikk UT! ski er som tidlegare:

På Nordmarka: Løålikjølen, Garthøglia og Magretlia. Det er tråkka løype til alle turmåla, men du må ha med deg hodelykt viss du vil til Garthøglia eller Løålikjølen etter at det er blitt mørkt.

Med utgangspunkt Vang: Klåberget og Øygardshalsen. Her må du også ha med deg lys etter at det har blitt mørkt.

Holtamoen: Stikk UT!-posten ligg i lysløypa.

Tjønnmyra: Her er også posten i lysløypa, men koden er ikkje komen på plass enda. Estimert opningsdato: 20. desember.

Generelt er det lite snø i terrenget enda, så om det kjem ein del regn, kan skiføret ryke! Følj med på loyper.net så du unngår bomturar! Nyleg tråkking er ein god indikasjon på at det kan vera muleg å få seg ein skitur!

Meir informasjon finn du her: «Velkommen til Stikk UT!»

Publisert: 14. desember 2021, 11:23