Med bakgrunn i dei nye smitteverntiltaka, som vart presentert tysdag, og etter samråd med lokale helsemyndigheiter, har Todalen Idrettslag bestemt at Hett & Svett skal halde ope, nesten som normalt, men med nokre viktige smitteverntiltak. Todalen Idrettslag håper at brukarane følgjer desse smitteverntiltaka, slik at ein slepp å iverksette ytterlegare tiltak eller rett og slett må stengast.
Hett & Svett vil vere opent alle dagar som i dag, men følgjande viktige smitteverntiltak blir gjort:
- Maks tre personar kan trene samtidig.
- Alle treningsapparat skal spritast etter bruk.
- Elles gjeld dei smittevernreglane som har vore fram til i dag.
Det er førebels ikkje bestemt korleis opningstidene på Hett & Svett blir i jula, eller om det blir heilt stengt. Dette vil bli bestemt rett før jul, etter ei samla vurdering i samanråd med lokale helsemyndigheiter.