Todalen sanitetsforening samlar også i år inn julegåver for å sende til Estland. Julegåveinnsamlinga har etter kvart vorte ein tradisjon for Todalen sanitetsforening i førjulstida, og noko dei har dreve med i mange år no. Dersom du ønskjer å bidra med julegåver, kan desse leveres måndag 1. november mellom klokka 18:00 og 19:30 og tysdag den 2. november mellom klokka 18:00 til 20:30 i Sanitetshuset eller ved å kontakte Maren Ansnes på telefon: 906 86 907.
Gåvene må vere innpakka, og dei må vere merka med kjønn og alder på mottakaren.
Todalen sanitetsforening håper også i år på god respons på julegåveinnsamlinga si. At gåvene kjem godt med og er populære hos mottakarane er vel kjent!