Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

100 år – Snart klart for jubileum

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. september 2024

I Skulstuå har dei starta oppkjøringa til 100-årsjubileet som går av stabelen komande laurdag.  Da skal det feirast at Alf Ramsøy ville fylt 100 år i år, og da er det sjølvsagt mykje som skal på plass før ein startar feiringa.  I Skulstuå var det ein gjeng som jobba med skaling av potet og kutting av grønnsaker og kjøtt som etter kvart skal bli ein velsmakande lapskaus.  

Ragna er leiar for jubileumskomiteen, medan Jon Olav Roaldset er kjøkkensjef. Foto Jon Olav Ørsal

Ragna Kvendset er leiar i festkomiteen, medan Jon Olav Roaldset er kjøkkensjef og skal sørge for at alle som vil kan få kjøpe seg god og næringsrik lauskaus.  Den skal serverast i det gamle biblioteket i Todalen skule – her blir det for høvet etablert «restaurant» med servering av både lapskaus, dravle, lokal youghurt og ikkje minst kaffe og kaker. 

Sigrid Elise og Jean hadde motorisert hjelp til kutting av grønsaker. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har presentert programmet i ei anna sak om jubileet, og her kan du følge linken til programmet som vil vare heile ettermiddagen.  Det er lagt opp til tur innover Ramsøydalan til Halanesset og over Hengebrua og rundt til Nessaøra og vidare til Skulstuå.  Her finn du detaljert kart nedafor, der du kan sjå at det er fleire alternativ.  

Du har fleire traseeval for fottur til Halanesset, via hengbrua og rundt om Nessaøra og nedover til Skulstua. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 12. september 2024, 19:27 - Sist oppdatert: 14. september 2024, 08:38