Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

10 nye stoler venter spent hos Svorka

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. mars 2023

Svorka har behov for heile 10 nye medarbeidarar. – Det er 10 nye stolar som treng nokon til å fylle dei. Kanskje er den stolen du har litt vond? Kanskje er du berre litt lei av den? kanskje har du sølt kaffe i den eller kanskje har du berre lyst til å prøve ein ny stol? Og tenk om vi har drømmestolen din her hos oss? Dette seier Svorka i utlysinga av dei 10 stillingane frå dei søker folk til!  

Svorka forventer ikkje at du skal redde verda frå stolen din hos dei, men du får vere med ut på eventyr. Svorka-eventyret så langt har bestått av mange spennande kapittel, frå starten med rein vannkraft og straum, så plukka dei opp varmepumper, fibernett, internett og TV-tenester, til i dag der både elbilladarar og solcelleanlegg har teke sin sjølvsagte plass. Det grønne skiftet skjer, og i Svorka vil dei gå i bresjen for å tilby kundane sine energismarte løysingar som gjev betre kvardagsflyt. Og som kjent, slikt blir det fine eventyr av. Har du lyst til å vere med Svorka i dei neste kapitla?  

Stolene er plassert både i Surnadal, Rindal, Meldal og på Orkanger, og dei skal fylles med folk som ønsker å arbeide som controller/økonomimedarbeidar, elektrikarar, kundekoordinator, prosjektleiarar, sals- og produktansvarleg, telemontørar og lærlingar innen elektro- telekommunikasjonsmontør og energimontørfaget.    

Søknadsfristen er 15. april, men Svorka vurderer søknadane som kjem inn fortløpande, da dei 10 stolene venter spent på nye Svorka-folk. Søk difor gjerne i dag! 

For meir informasjon om stillingane og for å søke, klikk på biletet nedanfor:

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. mars 2023, 11:53