Onsdag var 10.-klassen ved Surnadal ute på busstur for å bli kjent i sitt eige distrikt. Da gikk turen mellom anna til Todalen, der dei var innom fleire plassar som Svinviks arboret, Todalshytta, gammelfabrikken i Brusetmarka og ein svipptur til Kårvatn.
Gudmund Husby var med som lokal kjentmann, og fortalte om Todalen og litt historikk omkring næringsliv og aktivitetar i bygda. På turen innom Todalshytta fikk Terje Kristiansen, som er dreng på Todalshytta, eit flott gruppebilete av gjengen.