Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

10-åring med Gjeldnes-genar svømde tvers overs Todalsfjorden

Innsendt av Synnøve Gjeldnes Myklebust. Onsdag 17. juli 2024

Ho heiter Ester Irene, delvis  oppattkalla etter oldemora Irene Gjeldnes ( f. 1920) frå Oppistua på Gjeldnes. Ester Irene er på ferie med søsken og foreldre på hytta i Todalsstranda. Faren hennar, Anders, er son av Synnøve Gjeldnes Myklebust og Steinar Myklebust.

Saman med supportarar og heiagjeng i båten – her på heimtur etter svømmeturen. Foto privat

Ester Irene har mange gode minner frå ferier  i vakre Todalen. 18 timars tog- og bussreise i går, heilt frå Jæren, betalte seg allereie første dagen med strålande sol, god badetemperatur – og grilling med mange slektningar til stades.

Ester Irene med mamma ved si side i vatnet, og pappa og farfar i følgjebåt starta symjinga frå Markussteinen.  Etter ein lang tur, tvers over fjorden, kunne ho vasse triumferande i land ved Ansneset.  Turen over fjorden tok 31 minutt og da var det godt å kjenne fast grunn under føtene igjen – Todalsferie er topp, seier glade Ester Irene. 

 

 

 

Publisert: 17. juli 2024, 18:00