I går ettermiddag var den tradisjonelle «Estlandsinnsamlinga» i Sanitetshuset. Ruskete vêrbruk gjorde nok sitt til at det ikkje vart nokon innsamlingsrekord, eller så har todalingane no fått orden i overskuddslagra sine. I løpet av tre timar vart det levert 55 fulle svartsekkar som no allerede er levert til ekteparet Jensvoll i Rindal for vidare transport til Estland i løpet av neste veke.
Det var i år 10. gongen at Todalen Sanitetsforening arrangerte denne innsamlinga, som til no har resultert i eitn stad mellom 900-1000 sekkar med kleder, sko og anna egna utstyr til trengande i Estland.