Over helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn. På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget. – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga.
Det er pr i dag ikkje registrert nokon som er smitta i Surnadal og dei to som har vore i karantene er slepte ut av isolatet. Men likevel er det viktig å ha gode smitteverntiltak, og det vil sjølvsagt bli viktige også i tida som kjem – vi må halde avstand både utendørs og innendørs, og ha ein god handhygiene.
Høivik fortalte at det har vore jobba iherdig med å bli klare til starten – nasjonal smittevernveiledar kom måndag 20. april og den har vi tilpassa. Tilsamen er det 238 elevar som startar på igjen i skulane her i kommunen måndag. Det er faktisk berre eit par elevar som ikkje måter, og det indikerer at foreldra vurderer dette som trygt etter ein vellukka start i barnehagen. Skuleskyssordninga startar også på, og det er krav om at berre annakvart sete i bussen skal brukast og inngang berre om midtdøra på bussen. Fint om foreldra kan helpe til å køyre bora til skulen for å avlaste bussen. Det er ogaså fint om foreldra følgjer elevane til haldeplassen for å følge med litt på smitteavstand.
På skulen vil det bli undervist i grupper på rundt 15 elevar. No i starten vil det bli litt redusert opningstid i SFO – opningstida vil bli som i barnehagen, frå 8 til 14.30, men dette vil vi kunne tilpasse etter kvart. Det er gjort mykje godt arbeid for å finne gode løysingar, og vi er avhengig av eit godt samarbeid med foreldre og born for å etablere løysingar som alle kan føle seg trygge med, avslutta ordførar Margrete Svinvik som sett pris på at fleire områder opnes etter kvart. Vi er etter kvart blitt dyktige til å handtere kvardagen med å halde avstad og til å vaske hender.
Kommunaldirektør Knut Haugen rosa innsatsen til kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik som nærast over natta etablerte digital skule og som nå arbeider med å få skulen attende til kvardagen – rett og slett er det vist stor omstillingsevne, sa Haugen.