Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. oktober: Stenger for å oppgradere dataanlegg for drivstoffsalg

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2020

Matkroken Todalen investerer i nytt dataanlegg for drifstoffsalet, og må i samband med moteringsarbeidet stenge drivstoffsalet eit døgn.  Difor blir anlegget heilt stengt i tidsrommet frå torsdag 1. oktober kl 09.00 til fredag 2. oktober kl 9.00

Montering av nytt dataanlegg til drivstoffpumpa vil pågå heile torsdagen, og til den nye kortterminalen kan settast i drift seienast fredag morgon, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no.  Matkroken oppfordrar alle til å «fylle tanken» i løpet av onsdagen, slik at utskiftinga av utstyr kan gå mest muleg smertefritt torsdagen.  

Torsdag blir betalingsteminalen for drivstoff oppgradert – HalsOil held difor stengt torsdag 1. oktober. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. september 2020, 08:19