Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. mai på Todalshytta i år?

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. april 2025

Todalshytta gjentar suksessen frå i fjor, og byr på en godbit frå kjøkkenet som det går an å kose seg med.  I år som i fjor er det basturøkt lammelår frå Storlidalen som står øverst på menylista, men kjøkkenet byr også på andre ting dersom det fristar meir.

Som sagt eer det Storli-lam som står først på lista – med fløtegratinerte poteter og anna godt tilbehør.  Elles er det Torsk på menyen – tilbehøret er potet, erteprue og bacon – ein retteleg godbit.  Viare er den velkjente Todalsbureren med og har sjølvsagt godt tilbehør.  Dersom du berre vil ha ein liten rett, så er det kanskje Gambas vi skal tilby – det er scampi med kvitløksmør og chili.  Gambas er egentleg ein forrett, men er også midt i blinken som ein litenrett.

Det går an å slappe av i peisestua både før og etter måltidet – Foto Jon Olav Ørsal

Ta turen til Todalshytta som har åpent frå kl 13:00 og utover – bestill gjerne bord på SMS/telefon 929 97 550 til Arve Evensen

Publisert: 29. april 2025, 16:21