Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. mai er både festdag og kampdag – oppdatert med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2024

Den 1. mai vart behørig feira i Surnadal kulturhus onsdag ettermiddag – Denne dagen er både ein festdag og ein kampdag, sa Annett Ranes da ho ønska velkomen til feiring i kulturhusets foaje. Ho understreka at dette er ein dag som framleis har stor betydning, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Ikkje minst har krigshandlingar både i Ukraina og i Gaza fått oss til å sette pris på dei verdiane som ligg i arbeid, velferd og trygghet.

Surnadal Hornmusikk med sin dirigent Torgeir Bitnes

Programmet i kulturhuset starta med ein liten minikonsert med Surnadal hornmusikk, og sjølvsagt var det «Internasjonalen» som kom til allsongen.  Etterpå fikk vi høyre ein hymne som var basert på Ukrainsk musikk.  Vidare fekk vi høre «Vårsøg» og «Orient» som var basert på musikk fra «1001 natt».

Odd Arild Sande heldt dagens appell under arrangementet i kulturhuset. Foto Jon Olav Ørsal

Dagens apell var det Odd Arild Sande som heldt.  Han tok utgangspunkt i Arnulf Øverlands dikt «Vi kan ikke sove» og viste til den brytningstida som vi opplever i dagens Europa og på Vestbredden.  – Her foregår det ein brutal krig som det er lett «å venne seg til», sa han.

Nordmørspolitikaren Line Hoem heldt tale for dagen – ho har forresten relasjoner til Todalen, men er nok mest kjent som AUF-er og som varaordførar i Kristiansund og som fylkesordførar ein kort periode. Ho tok utgansgspunkt i «Dikt til mine barn» og viste korleis arbeidarbevegelsen har hatt stor betydning for utvikling av velferden i samfunnet. Dette er eit arbeid som har pågått i over hundre år og som aldri blir ferdig. No er det teikn i tida som tyder på at det blir mange harde budsjettkampar i tida som kjem, og ho viste til kampen i fylkestinget sist veke, med kutt i både tannhelse, tog/busstilbudet – og over 50 fylkeskomunale stillingar som var radert vekk.

Søstrene Karianne og Johanna Holten sørga for kulturelt innslag med song og musikk. Foto Jon Olav Ørsal

Siste post på programmet vart eit kulturinnslag med søstrene Karianne og Johanne Holten.  Dei starta med «Nordmørsminne» etter Hyldbakk/Sommero og fortsette med «Mai» med eigne tekster av Johanne.  Til slutt vart det allsong «Ta hverandre i handa og hold» med Karianne og Johanna som solistar.

Loddsal – Eva Jorid Svendsen, Knut Halset og Bente Mosbakk var aktive med loddsal i Mai-lotteriet. Foto Jon Olav Ørsal

Til slutt var det trekning i Mai-lotteriet – her har vi lagt ut trekningslista – sjå om du er ein av vinnarane?

Først publisert: 1. mai 2024, 17:19 - Sist oppdatert: 3. mai 2024, 09:18