Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
1. ladning levert

1. ladning levert

Elinor Bolme Laurdag 10. desember 2011

Først i denne veka vart første ladning av strikkeprosjektet som Fredrikkekaffen har kasta seg med på levert. Solvår Lindseth Øyen fortel til todalen.no at det vart litt hastesak av denne leveringa, då ho sist helg vart kontakta av Anette Ramstad i Amandaprosjektet i forbindelse med eit oppslag VG skulle ordne til ein juleartikkel. Meininga var at dei skulle levere til prosjektet først den 22. desember, men ho og Jorunn Ness svinga seg rundt slik at alle som dei visste hadde vore med og strikka til prosjektet kom med sine plagg. Så no ventar dei med spenning på VG sin artikkel, for å sjå om alt det som vart levert frå Todalen blir omtala.

Her kan du lese om korleis Amandaprosjektet kom i gang.

Dei to presiserer at Fredrikkekaffeen i regi av Todalen Sanitetsforening ikkje gir seg med denne leveringa, men fortsett med strikkinga til fortidlegfødte barn etter nyåret òg. I dag har Fredrikkekaffeen forøvrig juleavslutning i Sanitetshuset med ei lita utloddning i tillegg til servering.

Publisert: 10. desember 2011, 12:00