I går hadde vi ei sak på ledig jobb ved Kårvatn Fjellutstyr AS, og vi fortsett like godt litt til med denne saka av samme karrakter da det for tida er MANGE ledige stillingar av ulikt slag i Surnadalsområdet.
Hos Svorka er det blandt anna lyst ut 4 ulike stillingar: regnskapsmedarbeidar, driftsingeniør IT/drift, lærlingar i elektromontørfaget, og stillingar som elektriker hos Svorka sitt datterselskap EL-CO AS. Sjå heile annonsen deira HER
Også Hageland Surnadal søkte i gårsdagens Driva etter ny avdelingsleder i 100% stilling, samt gartner i sesong. I tillegg var det behov for sesonghjelper BÅDE hos Hageland og Byggmakker. Sjå alle utlysningane her:Jobb hos Hageland og BM?
I Surnadal kommune er det også fleire utlysningar, med mest vekt på årest ferievikarar. Her er det mange ulike fagfelt som kommunene treng folk i. Det er behov for sjukepleiarar, sjukepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar både i heimetenesta, ved institusjonene, hos Helse og Rehab og ved Bu- og aktivitetstenesta.
I Svinvik arboret er det behov for kafevert/sesongarbeidarar, og ved sørvicetorget ein vikar til ekspedisjon og sentralbord.
Hos eigedomsavdelinga og kommunalteknikk er det behov innan vaktmeisterteneste, plen/hagearbeid og reinhald. Søkjarar her bør ha førarkort. Sjå alle stillingane her: Ferievikarar i Surnadal kommune.
Ellers kan vi nemne:
Dagleg leiar for Indre Nordmøre Opplæringskontor. Sjå beskrivelse her:Dagleg leiar Opplæringskontor
Prosjektleder og Prosjektkoordinator/webredaktør ved Amfi Kreativ sitt kontor i Surnadal.
Kjøpmann/kremmer MEKK Surnadal MEKK åpner butikk i Surnadal, og søker derfor franchisetaker med stort pågangsmot.
Kjøpmann/kremmer Narvesen Surnadal Narvesen i AMFI Surnadal søkte også etter ny franchisetaker litt tidlegare.
Vikariat i fagstilling 50 % i Interkommunal barnevernteneste for Halsa, Rindal og Surnadal
Lærlingar i energioperatørfaget ved Statkraft Surnadal og Sunndal
Servicetekniker til gaffeltruckar ved Toyota Material Handling Norway AS i Rindal.
Så her er det absolutt mykje ulike jobbar som kan være interesante for ulike aldrar og utdanningsnivå!