Engasjement, temperatur, økonomi, bolyst, todalspatrotisme, de beste for bygda, hastesak, besparelsar, limet og hjertet i bygda, småpengar, tryggheit, oversiktleg, elevtal, vekst, kommuneøkonomi, ubetenksomt, livsnerven….
Dette er stikkord fleire kanskje sitt att med etter eit nesten tre timar langt folkemøte i Todalen skule i går kveld. Møtet var initiert av PT-utvalget, og alle dei lokale politiske partia var saman med bygdefolket inviterte til debatt om nedlegging av Todalen skule frå hausten 2016. Foreldre og tilsette ved skulen hadde tidlegare i veka fått presentert deler av rådmannens saksframlegg som politikarane i hovudutvalg i oppvekstgruppa i Surnadal kommune skal ta stilling til torsdag 25.november. Sakspapira vart lagt ut til på kommunen si heimeside rett før møtet starta, derfor hadde ikkje alle frammøtte riktig same bakgrunnsinfo.
Leiar i PT-utvalget Laila Kvendset åpna møtet i lag med leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes og tok ein gjennomgang av Todalen oppvekstsenter, og kva denne institusjonen betyr for bygdesamfunnet i Todalen. Per i dag har oppvekstsenteret 36 ungar, der 23 er i skulen og 13 i barnehagen. Dei poengterte at det tette sammarbeidet skule og barnehage i mellom, og ikkje minst med lag, organisasjonar og næringsliv i bygda er ei uvurderleg kjelde som ikkje kan omdannast til eit tal på eit papir i eit nedlegginsspørsmål som no er skissert.
Alle dei politiske paria fekk ein runde på talarstolen for å orientere om kva dei enkelte partia sto for i saka. Arbeiderpartiet stilte blandt anna med leiar Egil Nedal og leiar og nestleiar i hovudutvalget for oppvekst, Rakel Polden og Audun Moen Skei. Og Leiar Nedal gjekk rimeleg tøft ut til forsamlinga og signaliserte at Todalen skule bør bli nedlagt frå hausten 2016.
Senterpartiet ved leiar Nils Håvar Øyås derimot, var klår i talen og ville absolutt arbeide for fortsatt eksistens for skulen gjennom positivitet som forhåpentlegvis ville resultere i eit godt fleirtal til slutt. Han meinte at rådmannens saksframlegg var av tynn karakter, og at dette likna på ei hastesak som skulle få raskt gjennomslag.
Marit Hyldbakk representerte Kristeleg folkeparti og ho gjekk så langt at ho bekrefta at nei, Krf kom ikkje til å støtte dette forslaget.
Skulesaker engasjerer, og det er intet unntak her i Todalen, noko også todalingane fekk poengtert til dei mange folktevalgte som hadde teke turen innover. Terje Talgø var som dei fleste forferda over at kommunen i det heile teke vurderte dette som eit alternativ, da han med Talgø sine 46 ansatte i Todalen og no rundt 70 på Møre Tre AS opp i gjennom siste tiår har bidrege til både arbeidsplassar, vekst og bolyst både i Todalen og Surnadal. Men kva gir kommunen tilbake, undra han? – Fint lite, og no ønsker de også å ta skulen. Det bør de kanskje tenkje over på nytt, svara han sjølv på spørsmålet.
Bakgrunnen for at saka no er komme opp er av økonomisk karakter da Surnadal kommune må spare vel 20 millionar. Men fleire av dei frammøtte stilte store spørsmål om kommunen i heile tatt kjem til å spare på denne tenkte nedlegginga. Faktorar som riving, oppussing, og ikkje minst skuleskyss gjer at tala verka litt speie på dei som hadde hatt tida til å sjå over dokumenta. Og som tilsett lærar Britt Mossing så greit oppsummerte det: Korleis tal ein skal bruke i denne diskusjonen kjem an på. Det ser ut som om den enkelte tek det som passar seg best.
All info rundt denne saka som Hovudutval for oppvekst skal ta stilling til neste torsdag finn du her: Møteinnkalling til 25.11.15. Går saka vidare herifrå, vil det fmest truleg bli ein åpen høringsrunde der alle kan komme med innspel i saka, nytt folkemøte i januar og endeleg vedtak 17. mars 2016.
Alle foto: Jon Olav Ørsal