Søndag 12. desember blir det gjenhør med det populære syngespelet “I denne søte juletid” i Todalen kyrkje kl 15 og Åsskard kyrkje kl 19.30, fortel Bernt Bøe til Todalen.no. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor, solistane og orkesteret elskar denne måten å dele Juleevangeliet med andre på. Folkelege melodiar og tidlause tekster smeltar fint saman – også tilsett enkle teatereffekter. Komponist er trønderen Arne Dagsvik.
På programmet står naturlegvis også andre – nye og velkjende – juletonar, der ikkje minst allsongen skal tone fyldig og festleg. Som sagt: Konserten i Todalen startar kl. 15, og reprisen i Åsskard (da også med korslag-vinnar Åsskardkoret) går kl. 19.30.