Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Zumba også i Todalen.

Zumba også i Todalen.

Elinor Bolme Onsdag 1. september 2010

Måndag kveld er det moglegheiter for å kunne prøve zumba også her i Todalen. Ein gjeng trimlystne damer har vore i kontakt med Thatianny for å laga eit lite innføringskurs for interesserte. Og Thatianny sa seg villig til å lære bort denne no utruleg populære trimforma.

Dette er dansing til latinamerikanske rytmar, og kjem heilt sikker til å bli både underhaldande og effektivt for småslappe musklar.

Trimmen er open for alle interesserte frå 15- årsalderen.

Usikker? Sjå hit og bli inspirert.

Først publisert: 1. september 2010, 22:28 - Sist oppdatert: 2. september 2010, 11:49