Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Yrande liv på Dalahaugen Open

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Dalahaugen Open samla i dag godt over 20 ungar og tlisvarande vaksne rundt Dalahaugen på Kårvatn under Norgescuprennet i randoeé. Arrangørane i Todalen IL seier seg storfornøgd med arrangementet og håpar også dei frammøtte kosa seg i anlegget som var tilrettelagt for minirando, hopping, kulerenning og slalom.

Dugnadsgjengen var litt spent på at hoppane kanskje var litt i hardaste laget, men sola dukka opp midt på dagen og gjorde at det vart bra forhold, også å falle i.

I kuledåra var det ymse utfordringar, men alle kosa seg tydeleg vis.

Under er eit rikhaldig bildearkiv frå ivrige og dyktige deltakarar. Alle foto Elinor Bolme

…og her kjem enda fleire bilder frå Dalahaugen open – foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. februar 2019, 13:21