Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ynglande jerv i Todalen

Ynglande jerv i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2012

Det har vore hevda at Trollheimen no skal være fri for ynglande jerv, etter at det var skote ei jervtispe og to ungar i området Gjevilvassdalen/Storlidalen forrige onsdag. Men sist måndag vart det oppdaga eit jervhi til innafor Surnadal kommune. Saksbehandlar Marit Gystøl bekreftar at dette jervhiet ligg i Todalen, skriv Tidens Krav torsdag. Ettersom jervane no har forlate hiet og det er lite snø att vil det ikkje bli sett igang jakt etter dei no i år. Det blir no heilt umuleg å finne att jervane etter som det ikkje er sporsnø lenger.

  Driva.no har også ein artikkel om denne saka, der Lars Olav Lund bekreftar ynglinga. Det kan du lesa meir om driva.no

Publisert: 14. juni 2012, 23:05