Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Yes – no blir det bading!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2014

Laurdagens auksjon på Hageland samla mykje folk som var interesserrt i gjera eit kupp. Det var mange typar varer som vart bydd fram og det var nok mange som fikk sjangsen til å gjere tidenes handel. Auksjonarius Knut Westlund solgte mellom anna gikk eit ståltak på nærare 40 m2 for eit par hundre kroner. Elles var det ein god del småmøblar, spisestuemøblement og mykje anna som gikk for gode prisar. Det profilerte spabassenget derimot var det Marita Møkkelgård som stakk av med….

MaritaMokkelgard_9228

Marita Møkkelgård stakk av med SPA-badekaret som gikk for utbudsprisen på 50.000,-. Foto: Jon Olav Ørsal

Spabassenget hadde ein opprinneleg verdi på nærare 90.000 og Marita var snar til å by på utropsprisen på 50.000, og var heilt i hundre når ho fikk tilslaget. Ho fortalte at det skal plasserast under tak på terrassen i Grytåfeldet der ho bor saman med familien. Ho rekna med at det vart stas når ho kom heim og fortalte borna om nyanskaffelsen. Kanskje blir det ein snev av misunning når ho kjem på jobb på ambulansestasjonen og kollegaene får høre om dette?

Publisert: 1. mars 2014, 21:17