Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Well done, og vel så det!

Elinor Bolme Fredag 14. september 2018

Onsdag var vel 500 ungdommar i Surnadal samla i Storstua på Kulturhuset for å høyre helsesøster Tale Maria Krohn Engvik eller meir kjent som «Helsesista» blandt ungdommen. For 4. året på rad inviterte sanitetsforeningane i Surnadal elevane ved Surnadal ungdomsskule til eit meiningsfylt foredrag som berører ungdommane sine kvardagar. Litt ekstra stas for arrangørane var det i tillegg,  sidan ho hadde fått prisen «Årets Ladejarl» av Reitangruppa på 2 millionar dagen før.

Psykisk helse, sex, porno, pubertet og nakenbilder var mange av tema som Helsesista tok for seg på det nesten halvanna times lang foredraget. Og lærerikt måtte nok både elevane og andelen av vaksne innrømme at det var. 

-Dette har vore eit veldig spennande prosjekt seier ansvarleg Maren Ansnes i Todalen sanitetsforening. Vi bestemte fort at dette måtte BÅDE ungdomsskulen og vidaregåande skulen få ta del i. I tillegg fekk vi henvendelse frå Halsa om ikkje dei fekk komme også. Det resulterte i to foredrag av Norges mest kjente og ikkje minst frittalande helsesøster her i lille Surnadal. Men utan utrulege gode støttespalarar i næringslivet i Surnadal så hadde ikkje dette gått altså! Prisen er høg for slike profilerte foredragshaldarar, men når ein får så mykje godord og fantastiske tilbakemeldingar i etterkant så er vel verd anvendte pengar. 

Ei overveldande givarglede frå lokale bidragsytarar gjorde at arrangementet gjekk i pluss. Overskuddet går til helsefremmjende tiltak ved ei seinare anledning lover Maren.

Men Maren, har du fått med deg at Todalen sanitetsforening er nominert til AMFI Surnadal sin «Amfeila og Oskar-pris» på 5000 kroner?, spør vi nårvi først har ho på tråden i dag. -Nei..kva i all verden er det du seier? Jau da, Todalen sanitetsforening er ei av fem nominerte foreningar/lag som er vorte uttrekt til å bli med i kampen om ein pris på heile 5000 kroner som alle AMFI sentra no deler ut. 

I lag med Todalen sanitetsforening er Surnadal Røde kors, Natteravnane i Surnadal, Surnadal skulekorps og Surnadal Husflidslag – Barnas arbeidsstue nominerte.

For å gi di stemme til ein av dei nominerte kan du gå hit: Amfelia og Oskar-prisen. 

Du kan avgi kun ei stemme per einheit (telefon/pc/pad) per døgn, til og med fredag 21. september. Vi reknar med at medlemmane mobiliserer også her…

Vi anbefaler også Trollheimsporten sin reportasje frå arrangementet i Kulturhuset:Feiret «Årets ladejarl»-prisen med surnadalsbesøk

 

Først publisert: 14. september 2018, 20:26 - Sist oppdatert: 15. september 2018, 12:09