Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vox med to konsertar i dag

Elinor Bolme Laurdag 28. april 2018

I kveld klinkar koret VOX til med to konsertar med «best of» på Surnadal kulturhus. Her blir det gjensyn med åtte korår med framføringar i ulike sjangrar. Absolutt noko for ein kvar smak lovar ensemblet.

Starten

VOX vart etablert i forbindelse med Surnadal Sparebanks første korslag i 2010. Koret har sidan hatt fleire opptredener, bant annet konsert med Safari, på Vårsøghelga og Bøgdakveld, flere julekonserter, to store prosjekt med film-hiter sammen med Surnadal hornmusikk og band, og ikkje minst ein flott Gospel-konsert i 2016.

Avslutningskonsert

Dirigent Rolf Arne Berg har leia koret med stødig hånd frå oppstarten, men har no bestemt seg for at denne konserten blir hans avslutningskonsert. VOX vil ta fram det beste av sine opptredener fra oppstarten og fram til i dag. Det blir variert program, inkludert ei avdeling med gospelsangar.

VOX har med seg eit solid band bestående av Rune Dalager, Rolf Paulsen, Brage Kristian Einum, Torbjørn Kvande og Olav Nergård Tørset under veldens konsertar. Lyd og lys er det Dreamfarm Studio som står for. Foto: Toril Moe.

Det er ennå ledige billettar på konserten både klokka 15.00 og 19.30: Kjøp billett her

 

Publisert: 28. april 2018, 10:56