Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viste fram bygda til freiøyingane

Dordi Jorunn Halle Sundag 31. august 2014

Freiøya Historielag vart stifta i 1980. Det er eit aktivt lag med 130 medlemer. Mellom anna gir dei ut ei årbok kvart år og arrangerer ein hausttur. For to år sidan gjekk turen til Surnadal og Rindal, i fjor var dei på tur til Romsdalen. I år var Todalen turmålet. Leiar Per Kvalvik tok kontakt med leiaren i Todalen Historielag, John Moe, og dei la i samarbeid opp program for besøket i Todalen laurdag 30.august. I alt 53 medlemer deltok på turen, så bussen var heilt full.

IMG_2753

Besøk i Halsesamling som ligg i Todalen oppvekstsenter. Foto: Sven Olav Svinvik

Første stopp i Todalen var i Svinvika. Der var det kaffepause i Arboretet, og Sven Olav Svinvik orienterte både om Svinvikgarden og Arboretet. John Moe var guide på bussturen i Todalen.Inne i Todalen fekk dei orientering om historia til Todalen oppvekstsenter og Leif Halse. Her var det Dordi Jorunn Halle som fortalde. Etterpå fekk dei sjå seg rundt i Halsesamlinga og på skuleområdet.

Freipensjonister_6082

Ledar i Todalen historielag, John Moe, presenterer historia om Talgø for freiøyingane. Foto: Jon Olav Ørsal

Deretter gjekk turen opp til Gammelfabrikken. Der serverte Todalen Historielag kaffe, og John Moe  orienterte om historia til Talgø og viste powerpointpresentasjon. Turdeltakarane var svært ivrige på å sjå seg rundt, både inne og ute.

Turen vidare gjekk opp til Kårvatn som viste seg frå si beste side i finveret. Gudmund Kårvatn samla turdeltakarane på tunet framfor Målastuå. Han fortalde om historia til Kårvatn og orienterte om drifta i dag. Så var det fritt fram til å sjå seg rundt og ta ein tur på butikken på Låven. Turen vart avslutta med middag på Todalshytta. Turdeltakarane sette stor pris på samarbeidet med Todalen Historielag, og dei var svært fornøgde med turen. Det var berre så synd at tida gjekk så alt for fort og dagen  for kort.

Bildegalleri frå besøket frå Frei historielag.  Foto: Dordi Jorunn Halle og Sven Olav Svinvik

 

 

 

Publisert: 31. august 2014, 05:00