Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vindua kom til nytte!

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2014

Hugsar du saka vi laga om dei gamle vindua som rett og slett var grytta utfor gammelvegen utmed Kammen? Denne saka fannn ikkje si løysing, men no er vidua frakta bort, og dei kjem faktisk til nytte igjen. Olve Høivik er i ferd med å realisere planer om eit lite drivhus, basert på gjenbruk av gamle vindu. Han var i kontakt med Trond og Sven Olav Svinvik, og fekk tips om vindua som låg i sjøkanten.

DSC_7930

I sjøkanten, utafor Kammen , låg dei gamle vindua. No er dei rydda bort, og får eit nytt liv som drivhus hos Olve Høivik. Foto: Jon Olav Ørsal

Dermed var «ryddeaksjonen» i gang og Olve tok jobben med å få dei opp på vegen igjen.  For å realisere drivhusplanene treng han fleire gamle vindu, og no lurer han på om det er nokon som har gamle vindu som han kan overta? Ta kontakt med Olve Høivik i tilfelle!  Gjenbruk kan være både billig og nyttig!

Publisert: 10. mai 2014, 13:23