Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Villa Villekulla

Villa Villekulla

Elinor Bolme Torsdag 15. juli 2010

Da har dommen landa. Eigedomsskatten. Kva skal ein seia? Nøgd? Tja, ei sak har som kjent to sider, og den eine seier seg nøgd med at eg faktisk bur i beste villastrøket i Todalen. Den andre sida lurar på kvifor i all verda naboen ikkje gjer det?

Huset vårt er bygd i -78, lik eins som næraste nabo. Naboane bortafor næraste nabo har litt yngre hus, men ikkje meir enn eit tre-fire år. Etter mitt skjønn skulle vi då bu rimeleg likt til både skule, barnehage, butikk og andre lokale fasilitetar her i Todalen. Til og med det kommunale knutepunktet Skei har vi lik distanse til. Då kjem problematikken; kvifor i all verda skiljer det oss då bortimor 1500 kr i forskjell på eigedomsskatten?? Vi har då slettes ikkje noko meir å skilte med enn naboane? Men det er mykje ein ikkje forstår, derfor gler eg meg på svar frå Surnadal kommune etter at klagefristen har gått ut, for ja, vi har klaga, ikkje fordi vi bur i ”villastøket”, men fordi nokon må ha blingsa på rettvisheita i saka. Om ein bur i Bekkerhagen eller på Kvendset skal vel ikkje utgjerda så mykje i forskjell når husa har nokon lunde same alder og storleik, i alle fall ikkje naboar i mellom. For desse bilde takarane som sneik rundt veggane og tok bilete av eigedomane var jo ikkje inne og såg kor fint eller eventuelt kaotisk det er der… eller var dei???

Ventar i spaning på neste trekk frå Bårdshaugveien 1.

Først publisert: 15. juli 2010, 21:00 - Sist oppdatert: 14. juli 2010, 22:08