I dag har det vore geolog på befaring på rasstaden i Falla. Etter befaringa er det klart at det geoteknikar til staden for å bore i grunnen for å finne trygg grunn til vegen, fortel Terje Forberg i Surnadal kommune. Vegen gjennom Falla vil fortsatt være stengt!
Vi må bore, slik at vi er sikker på at det er trygg grunn for å reparere vegen gjennom Falla. – I dag var han i ferd med å sjekke om det var ledige geoteknikarar for å ta oppdraget i Brusetmarka. Dermed vil det vel dra på tida før vegen til Kårvatn kan opnast igjen, og Forberg seier at dei vil prøve å finne ei løysing for oppsittarane ovafor Falla etter gammalvegen.
No er det igjen meldt mykje regn frå onsdag og utover veka, og vi kjem nok ikkje igang med noko arbeid får rasområdet stabiliserer seg. Da vil vi prøve å få til ei midletidig løysing, slik at trafikken kjem igang. Men det kan nok ta tid før det blir ei permanent løysing for trafikken gjennom Falla.