Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig bidrag frå Grasrotandelen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. januar 2021

Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen.  Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor. 

På ein god andreplass er Todalen Sanitetsforening, med ein grasrotandel på kr 24.324 i 2020.  Dette er slett ikkje verst, sjølv om Surnadal Idrettslag sjølvsagt tronar på toppen i Surnadal kommune, med heile kr 134.264. Vi kan også røpe at I.L. Søya ligg godt an med 52.289, Surnadal Røde Kors med kr 37.845 og Surnadal JFF med kr 37.612.   Tilsaman vart det i Surnadal kommune betalt ut  kr 740 185,- i grasrotmidlar frå Norsk Tipping

Dette er gode pengar som er kjærkomne for mange lag og organisasjonar.  For deg som er tippekunde er det også lett å registrere den grasrotmottakaren som du vil tilgodesjå – enten du leverer hos kommisjonær eller og du er nettkunde hos Norsk Tipping.  Nedafor kan du sjå ein oversikt over alle lag og organisasjonar som tok i mot grasrotmidlar frå Norsk tipping i 2020:

Først publisert: 21. januar 2021, 00:00 - Sist oppdatert: 20. januar 2021, 20:38