Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vidare drift i Svinviks arboret er sikra

Vidare drift i Svinviks arboret er sikra

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. oktober 2009

Det har vore knytta stor spenning til den vidare drifta i arboretet. Negative signal frå kommunens busjettmøte på Orkanger har gjort at mange var bekymra for kva som skulle skje. Tysdag skriv Tidens Krav at kommunen har snudd og at formannskapet har gjort vedtak om å overta drifta og eigarskapet i arboretet.
Det ligg i avtalen med Vitenskapsmueet i Trondheim at kommunen får eit tilskot på ca 3 mill. over de tre neste åra. Dette gjer at drifta er sikra ein treårsperiode framover.
Dermed er det også klart at den 3-årige prøveprosjektet er over, og ein er i ferd med å gå over til ordinær drift. Svinviks arboret har også stor betydning for den øvrig turistnæringa i kommunen, og det er nok mange som trekkjer eit lettelsens sukk når denne avtalen no er i boks.
Dordi Kjersti Mogstad fekk på formannskapsmøtet ros for jobben hun og resten av gjengen i arboretet har gjort i prøveperioden. Todalen.no ¨kjem attende med meir ett kvart.

Publisert: 13. oktober 2009, 17:53