Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi vart 7 todalingar færre i 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. januar 2021

Ferske tal syner at vi vart 7 todalingar færre i 2020, noko som svarar til ein nedgang på 2,3% i høve til 2019. Det er folketalet i Todalen (Svinvik – Kårvatn) pr. 31.12.2020 samanlikna med 31.12.2019 som syner dette. Gjennomsnittsalderen auka frå 46 år (2019) til 46,8 år (2020). Fordeling mellom kjønna var 31.12.2020, 137 kvinner og 165 menn. Grunnen til at Svinvik blir rekna med i folketalet for Todalen, er at folketalet i Todalen følger gjeldande skulekrinsinndeling og ikkje postnummeret.  

Tala for åra 2018 – 2020 syner:

  • 31.12.2018 – 292 personar
  • 31.12.2019 – 309 personar
  • 31.12.2020 – 302 personar 

Som vi ser av tala over, så har folketalet i Todalen sidan 31.12.2018 totalt sett auka med 20 personar (6,8%), trass i ein liten nedgang i 2020. Så totalt sett ser ikkje folketalsutviklinga i Todalen ut til å vere så negativ, som tala for 2020 isolert sett kan sjå ut til. Bygde-Norge er under press, og dei fleste bygdene rundt om i landet opplever fråflytting og nedgang i folketalet. 

Nedanfor kan du sjå folketalsutviklinga i Todalen frå 2019 – 2020:

Folketalsutviklinga 2020 – 2019. Data og presentasjon: Todalen Grendalag

 

Publisert: 25. januar 2021, 20:00