Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi minner om bandtvangen

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mai 2020

Om våren er det mykje nytt liv ute i naturen – det gjeld både fuglar, dyr og bufe.  Elg, hjort og rådyr treng ektra ro og fred for å føde nye kalvar, og det same treng fuglar som hekkar både i skogen og langs stranda eller langs vassdarg.  Difor er det på tide å minne om bandtvangen som på denne tida er generell og gjeld alle. 

Frå 1. april til 20. august er det generell bandtvang i heile landet, og Mattilsynet minner alle hundeeigarar om å halde hunden i band! Surnadal kommune har i tillegg eiga forskrift for bandtvang av hund og område der hundar ikkje har tilgjenge. Alle hundeeigarar blir oppmoda til å setje seg godt inn i desse reglane. 

Bestemmer ut over generell bandtvang i Surnadal kommune
Surnadal kommune har i tillegg eigne bestemmingar ut over den generelle bandtvangen, der hundar skal haldast i band eller forsvarleg innstengt eller inngjerda.
Hunder har for eksempel ikkje adgang til skular, barnehagar, kirkegardar og gravplassar/urnelundar – visste du det?

Publisert: 4. mai 2020, 12:45