Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi mimrer litt: Oppdalskveld i Ungdomshuset i 2005

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2020

Ein e-post frå Svein Åge Saksen frista oss til å minnast ein aprilkveld i 2005, da Oppdal Spellmannslag kom til Todalen og var med og arrangerte Oppdalskveld i Ungdomshuset. I e-posten frå Saksen var det med ei Mp4-fil med eit flott videoopptak der Oppdal Spellmannslag spelar «Drømmen om Kårvatn» som Trygve Ørsal (Trygve Myrvang) hadde komponert.  – Det er viktig å ta vare på gode minner seier Saksen og vi plukka fram litt gamle minne fra tida før Todalen.no såg dagens lys. Bli med oss til april i 2005 og Oppdalskveld i Ungdomshuset. 

Oppdal spellmannslag på scena i Todalen ungdomshus – klikk på bildet for å sjå og høre spellmannslaget. Videoopptak og – redigering Svein Åge Saksen

I eit oppslag i Driva frå den gongen står det:  «Det var stor stemning da Oppdal Spellmannslag lørdag dro i gang konserten med «Festvalsen» i et fullsatt Todalen ungdomshus. Oppdal Spellmannslag var kommet til Todalen for å være med og blåse liv i den gamle forbindelsen mellom Todalen og Oppdal. 

Formann i Todalen historielag, Reidar Østvik, kunne i sin innledning fortelle at det er dokumentert at det har vært trafikk mellom Nordmøre og Oppdal hele 8000 år tilbake. Men den store aktiviteten har nok foregått de siste århundrene, og størst var nok aktiviteten før det ble vei gjennom Gråora. På den tiden ble det nok brukt hest til å frakte varer til og fra kysten på Nordmøre. På Kårvatn finnes det mye gammel dokumentasjon på dette, og der ble det da også drevet skysstasjon for denne trafikken. Fra innlandet ble det transportert bl.a. fjellsmør og skifer, mens returlasten var nok mer variert, og bestod nok både av spekesild og mye annet som det var behov for. Og kanskje ble det også med litt hollandsk genever.»

Dette vart litt av ein kulturkveld i Todalen ungdomshus, med mykje musikk både frå Oppdal og frå Todalen. Det var servering av rømmegraut og det var råd for ein svingom etterpå.  Her kom du lese meir frå Drivas reportasje etterpå.  

I bildegalleriet viser vi bildeglimt frå Oppdalskvelden i Todalen ungdomshus i april 2005.  Alle arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mars 2020, 09:17