Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi må ta plasten på alvor!

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2019

Det er ikkje så lenge sia eit kvalbilde gikk verda rundt, da det viste seg at kvalen hadde magesekken full av plast og at den sannsynleg vis hadde lidd ein smertefull død på grunn av plasten. Etter kvart så har vi sett fleire slike bilder, og blir vel etter kvart vant til det? Men no tykkjer vi at det begynner å kome nær oss, og det er ikkje berre i havet at plastavfall er eit problem!

her kan ein sjå tydeleg at restane av magesekken er full av plast. Foto: Privat

Vi har fått tilgang til tre bilder som vart tekne i vår, eller på forsommaren, av ein hjort som har litt same skjebne som den berømte kvalen. Restane etter denne hjorten er fotografert ein stad ved Kvanne, og fotografen såg heilt tydeleg av hjorten hadde fullt av plast i restane etter magesekken. Og fotografen, som ikkje vil stå fram med namn, meinte å være 100% sikker på at det var plasten som var dødsårsaka.  Kvit plast av same type som er bruka på siloballane. 

Det er tydeleg at vi bør ha stor respekt for plasten. Vi må kvar og ein rydde etter oss, og vi må sikre at alt plastavfall kjem inn i gode rutiner med tanke på avfallshandtering og resirkulering. 

Restane etter hjorten er funne eit godt stykke unna bebyggelsen. Her kan du lett sjå at det er mykje plast som har vore i magesekken på hjorten. Foto: Privat

Publisert: 1. desember 2019, 14:45