Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– Vi har trua på brua

Stig Husby Fredag 11. september 2020

Etter dagens strategisamling for næringslivet i Surnadal og Sunndal, sit vi igjen med eit stort håp om at Todalsfjordsprosjektet endeleg kan realiserast.

No er det berre unnabakkane igjen, fortel daglig leiar Bergsvein Brøske svært så ivrig i sitt innlegg. Frå dagens 500 bilar i døgnet over med ferga, til 1680 bilar i døgnet som kryssar brua etter opning.

No er det ikkje lenger nok å ha slik passeleg løst lenger, seier Bergsvein. Lars Løset som er styreleiar i prosjektet seier at vi med brua får realisert eit felles bu og arbeidsmarked på Indre Nordmøre. 

No treng vi at alle framsnakkar Todalsfjordprosjektet, seier Løseth.

Dagleg leiar Bergsvein Brøske og styreleiar Lars Løseth i Todalsfjordprosjektet ønsker ingen fleire jubileums markeringar etter 80 års ventetid, no skal Todalsfjordprosjektet realiserast.

Fylkesordførar Tove Lise Torve dreg det enda lenger, og fortalte i klartekst at Todalsfjorprosjektet no er i gjennomføringsfasen. Det er for seint å snu no, fortel Torve. Ho var også full av lovord om SuSu programmet, som no har jobba aktivt for bru og fergefri forbindelse i 7 år.

Kanskje er det på tide å utvide SuSu samarbeidet, både geografisk og tematisk, spurte ho ei lydhør forsamling.

Vi har trua på brua no, sa fylkesordførar Tove Lise Torve. No er vi i gjennomføringsfasen.

704 færre nordmøringar dei neste 10 åra
Det vart ein interessant dag i Svorka salen på kulturhuset, der styreleiar Ståle Refstie og programleiar Karin Halle i SuSu programmet  ønskte velkommen til work shop og strategisamling. Der næringsutvikling på Indre Nordmøre var tema gjennom heile dagen.

I ei tid der mange bedrifter slit, ser det langt lysare ut i Surnadal og Sunndal. Her finns det både positivitet og stå på vilje, fortalte dei.

Framover blir det nok befolkningsutvikling i regionen som blir den store utfordringa. Prognosene ser ikkje gode ut, og kort oppsummert blir det byane som veks og distrikta som blør. Innan dei neste 10 åra ligg det an til at til at det blir 704 færre nordmøringar, og det blir mange eldre. Kva skal til for at folk vil flytte til oss ?

Ordførar i Sunndal og styreleiar i programstyret i SuSu Ståle Refstie ønska velkommen saman med programleiar i SuSu Karin Halle.

Kommunedirektør i Surnadal Knut Haugen la vekt på framoverlent næringsliv, store natur ressurser og ein natur mange kan misunne oss.

Skal kommunen gi retning for næringslivet, eller berre følgje på som støttespelar, spurte kommunedirektør Knut Haugen frå talarstolen. Eit svært relevant spørsmål.

Skal kommunen gi retning for næringslivet, eller berre følgje på som støttespelar, spurte kommunedirektør Knut Haugen frå talarstolen. Eit svært relevant spørsmål.

Randi Dyrnes i samme posisjon i Sunndal kommune vektla omdømme i sitt innlegg, og gav eit spark bak til nordmøringen som er beskjeden og ikkje flinke nok til til å framsnakke kvarandre. Vi treng tilflytting, og da er kanskje flott natur ikkje nok, vi må lytte til dei unge og følgje trendane og framstå attraktive, fortalte ho.

Fleire prosjekt som er viktig
Varaordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, fekk dagens utakknemlege oppgåve og måtte hoppe opp på talerstolen på kort varsel grunna sjukdom. Den oppgåva meistra han godt, og han var innom fleire viktige saker som Trollheimen landskapsområde og digitalisering av utmarka, eit bærekraftig landbruk og skogbruk i Surnadal, der utvinnning av gran gjev store klima gevinster.

Pedersen vart nok kanskje også dagens festbrems, som tok opp at Todalsfjordprosjektet er viktig, men det er også fylkesveg 65 og nærleiken til St. Olavs hospital og NTNU, som er institusjoner i verdsklasse. Det er også viktig å lytte til Svinvik Gard og Arboretet, no når Todalsfjordprosjektet er heilt i sluttfasen, sa Pedersen.

Varaordførar i Surnadal Hugo Pedersen måtte stille på kort varsel grunna sjukdom. Han nytta muligheita godt, og fortalte om Trollheimen landskapsområde og landbruket i Surnadal.

Det vart ein svært så innhaldsrik dag i Svorka salen med viktige temaer som angår oss alle. Spesialrådgjevar Alfred Øverland frå Innovasjon Norge spurte seg om kommunenes ledelse hadde god nok puls på det lokale næringslivet. Han tenkte nok aller mest på Terje Talgø, som vart omtala gjennomgåande positivt i hans innlegg. Han omtalte Talgø som ildsjel og lokalpatriot til dei grader. Talgø konsernet opplev i desse dager ei eventyrleg utvekling og har ikkje varer på lager. Så der var stemninga svært god.

Dei einaste som gjorde Terje Talgø sur og oppgjeven i desse dager var tanken på at Todalen skule skulle legges ned, fortalte Øverland, til stort engasjement frå salen.

Og det er slike reflekasjoner som gjer samlingar som dette så viktig. Det handler om eit total tilbud til dei som bur her i dag, og dei som planlegg å flytte hit.

Til eit næringsliv som skal fortsette å blomstre, og no snart med ein ferjefri transport mellom kommunane.

 

 

 

 

Publisert: 11. september 2020, 19:01