Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Veteranar takka av på Talgø

Veteranar takka av på Talgø

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juli 2010

Onsdag samla Talgø Møbelfabrikk alle ansatte på kantina til bløtkake og kaffe for å heidre to av sine veteranar, som i dag takkar av med AFP-pensjon. Det var gammelsjefen sjølv, Finn Talgø, som fikk den ærefulle oppgåva å overrekke blomster og gåver til Liv Ingrid Husby og Leif Egil Tørset som har sin siste arbeidsdag før helga.
Leif Egil Tørset starta sin karriere på Talgø så tidleg som i 1967 første perioden. Sidan slutten av 70-talet har Talgø vore hans faste arbeidsplass, og det meste av tida på overflateavdelinga, der han no avluttar og går ut i ein persjonstilvære.
Liv Ingrid Husby kom til Talgø i 1986. Ho har heile tida jobba ved økonomiavdelinga, der ho har jobba med rekneskap og lønn heile perioden.
Finn Talgø var full av lovord for innsatsen og lojaliteten til dei to, og ønska dei ein god pensjonisttilvære. Han nytta også høvet til å takke resten av arbeidsstokken og ønska dei god og velfortjent ferie.

Publisert: 10. juli 2010, 15:22