Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Foto: Gunnar Nordvik

Vestnes/Varfjell J12 – Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. september 2020

Tidleg søndag morgon starta Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag på ein «langtur» til Romsdalen for å spele ikkje mindre enn to kampar. Første kamp kl. 12 på Vestnes og den andre på Aureosen kl. 16. 

Første kamp var mot Vestnes/Varfjell på Vestnes Hovedbane og hadde kampstart kl. 12. Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen hadde på grunn av akkurat med spelarar til desse kampane «lånt» med seg Mia Kvande og Anna Vikan frå Søya/Todalen sitt J10 lag. Trass i sin unge alder (9 og 10 år) var dei både tøffe og uredde, sjølv om motstandarane utelukkande var 12-åringar.    

Kampen vart sjølvsagt prega av at heimelaget hadde berre 12-åringar på laget, medan bortelaget hadde 4 årsklassar. I første omgang dominerte heimelaget mykje av spelet. Men i andre omgang kom bortelaget meir med og i ein ganske lang periode spela dei jamgodt med heimelaget. I det var i denne perioden Eline S. Polden scora bortelaget sitt mål. 

No er laget på tur til Aureosen for å spele ny kamp kl. 16 på Ekkobanen Vi kjem attende med reportasje frå den kampen når han er ferdig spela. Så ønskjer vi god tur og lykke til med neste kamp!

Takk til Gunnar Nordvik for bilete og informasjon frå kampen. 

Publisert: 13. september 2020, 12:55