Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Venner for livet

Venner for livet

Elinor Bolme Tysdag 18. juni 2013

I går kveld var gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter fullsatt av foreldre, søsken og besteforeldre som spent ville få med seg elevanes program for skuleavslutninga etter skuleåret 2012/13. Eit skuleår som det på førehand var knytta stor spenning til ettersom elevane frå Stangvik oppvekstsenter måtte til Todalen under renoveringa av Stangvik Oppvekstsenter.

Elevane stod for all underhaldning under programet, og konfransierane Magnar Andersen og Lone Kvande Brøske losa publikumet gjennom ein stor time med underhaldning. Her var som det brukar å vere både song, dramatiseringar og litt dans. 7. klassingane takka for seg og overrekte blomstrar til alle dei 13 tilsette ved oppvekstsenteret det siste året. Også to av 6. klassingane tok turen motvilling på scena for å takke for laget ved Todalen Oppvekstsenter, då dei blir med for å gå sitt 7. år ved Stangvik oppvekstsenter.

Både einingsleiar Bjørn E Høivik og FAU leiar ved Stangvik Anne Saltrø Polden takka til slutt Todalen Oppvekstsenter for mottakelsen og gjennomføringa av skuleåret som har gått. I den anledning overrekte Anne S Polden eit kirsebærtre til Todalen Oppvekstsenter som takk frå Stangvik Oppvekstsenter. Ho delte også ut ei rose til kvar av 7. klassingane frå FAU ved begge oppvekstsentra som takk for 7 fine år, og ikkje minst fekk alle dei tilsette ei stor fruktkorg som takk for innsatsen det siste året.

Etter underhaldning og blomsteroverrekkelsane vart det servert kaffe, saft og kaffebrød på dei ulike klasseromma. Under er nokre bilder frå ein underhaldande kveld.

Publisert: 18. juni 2013, 07:11