Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykket Årnesvandring

Marit Haugen, Stangvik historielag Måndag 1. september 2014

Laurdagen kom med skikkeleg godver – og da klokka nærma seg 11 og start for «vandringa» på Årnes, møtte bortimot 80 stk opp ved Kjergroneset. Her veit ein om busetnad  til langt attover på 1700-talet. Svein Aarnes hadde ei kort orientering før vi starta etter «Gammelvegen», opp liene. Dette var samtidig åpning av eit «turnett» på bortimot 3 mil som er rydda og merka i Årnesliene. Vegen vi starta etter var ibruk heilt til nyvegen ved sjøen vart bygd. Vi gjekk om Vikingehula – her var det nok litt bratt og «ulendt» eit stykke, men dei fleste kom opp. Vidare gjekk turen bl a over «Persullukammen» og om «Ja-benken». Vi var innom fleire plassar der det var utlagt bok for å skrive seg inn, samtidig som det stod litt om plassen.

029

Oppe ved «Ja-benkjen».

Vi fekk ein fin tur oppi Årnesliene, med fin utsikt over Hamnesfjorden, over Surnadalsfjorden og over til Torvika. Det var heller ikkje langt om at vi såg over til Brøskehagan i Stangvika. I området var det sett opp ei mengde skilt som viste veg og namn på plassane vi passerte. Med så mykje folk, tok turen litt lengre tid enn vi beregna, så den vart avbroten litt tidlegare enn tenkt, her var fullt muleg å avbryte undervegs, det er bygd eit utall av skogsvegar i området, og turane som er oppmerkte er laga slik at det på fleire plassar er muleg å gå rundturar og koma tilbake til start.Siste del av turen gjekk til Øvertrøinn – eller Muster-huset.  «Gammelvegen» går rett forbi her, og frampå ein hammar er det ein utruleg fin «utkikspost», her står  eit digert steinbord med benkjer og trimkasse med bok. Musters-eigedommen er no i privat eige, men eigaren vil gjerne at folket brukar stedet der trimkassen er oppsett. I trimboka var det og innlima mange gamle bilder – vi frå «Søya-land» beit oss spesielt merke i eit av desse: frå den gongen Årnes-laget slo karane frå Kvanne i fotball!

Utkiksplassen ved "Øver-Trøinn"

Utkiksplassen ved «Øver-Trøinn»

Etter at runden var unnagjort var det samling i/ved den gamle skulestua, med servering av kaffe, rundstykkje og alskens gode kaker – eit imponerande matbord! Folk kosa seg både inne i «stua» og ved borda i solveggen utafor.

044

I den gamle skulestova vart det materservering og underhalding etter turen.

Til slutt var det allsong, pianospel og opplesing – ein riktig triveleg dag ilag med driftige «årnes-bygg» – takk til alle «medhjelparar»!

Publisert: 1. september 2014, 07:30