Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka seterrenn i full vårløysing

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2019

Årets seterrenn er nr 91 i rekkja, og da går det vel an å kalle det tradisjon, sjølv på Nordvik.  I løpet av dei 91 åra har det sikkert vore ymse vêr og ymse føreforhold, og vi veit da at det fleire år har vore alternative arrangement på grunn av snømangel i området rundt Nordviksetra. I år var det iallfall nok snø til å arrangere sjølve seterrennet, men hopprennet og kulerennet må stå over til neste år, og var erstatta av ein improvisert natursti som var ei fullgod erstatning og engasjerte mange.

Rundt eit hundretals turgjengarar hadde funne vegen opp til Nordviksetra, og kunne kose seg i solbakkan på seterstølen. Foto: Jon Olav Ørsal

Seterrennet samla tilsammen 47 deltakarar med smått og stort. Det er vel nære på rekordeltaking iallfall i nyare tid og det var stor innsats ute i sporet, der det var konkurranse om å kome så nær som muleg til idealtida. Her var det nok mange som la opp til forskjellige taktikkar, men den som lykkast best var nok Synnøve Nordvik, som berre bomma med 2 sekund på idealtida. På andreplass kom Johan Bratt med 9 sekund avvik og på delt 3.-plass kom mor og dotter – Ingrid og Jorunn Nordvik med avvik på 10 sekund. På 5.-plass kom Oda Måøy med 12 sekund avvik.  Her finn du komplett resultatliste frå Seterrennet 2019

Familien Eilertsen/Gjeldnes kom best ut i natursti. Foto: Jon Olav Ørsal

På det vidare programmet var det som sagt alternative aktivitetar på grunn av at det var for lite snø til å arrangere hopprenn og kulerenn. Det vart ein runde med snøballkasting på blink, men snøen vart mesta for blaut og grovkorna slik at det vart vanskeleg å lage gode og treffsikre snøballar.  Ein runde med natursti har vore alternativ aktivitet på fleire seterrenn tidlegare. Her vart det ei blanding av praktiske og teoretiske oppgåver rundt på dei 10 postane som var plassert i nærområdet rundt seterstølen.  Her kom også konkurransemomentet fram og det vart kjempa både med tanke på tid og ferdigheiter. her vart det familien Eilertsen/Gjeldnes som trekte det lengste strået og seira suverent med 100,75 poeng med Team dinosaur på andreplass med 86,85 poeng og Naustvollen m/Terje N på 3.-plass med 80,25 poeng.

Borna Helle Lucie og Emilie, flankert av foreldra Harald Sande og Eilin Holsmo. Dei hadde funne seg ein lyngrabb for å innta lunchen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart utruleg godt og varmt i solbakkan på Nordvikstølen og dei rundt hundre turistane som fann turen til setra i dag fekk ein flott dag som kunne nytast i langdrag av både liten og stor. Intens snøsmelting sørga for at snøsmeltinga kom skikkeleg i gang, og snøen smelta og rann bort mellom føtene på folk på stølsområdet.  Vel blåst for nok eit vellukka seterrenn!

Vi har laget et stort bildegalleri frå seterrennet – klikk deg gjennom og sjå om du treffer kjentfolk!  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 18. april 2019, 16:52 - Sist oppdatert: 4. mai 2019, 13:25