Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka og triveleg julebord

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2019

Laurdag kveld inviterte Todalen IL og Todalen grendalag  sine sambygdinger til julebordsfeiring i Todalen Ungdomshus.  Med komite og gjestar var det no eit godt 60-tals som vart traktert med prima julemat – fleire variantar med ribbe, pinnekjøtt og mykje anna godt – og riskrem til dessert etterpå. 

Klar med årets julebuffet – frå venstre Jostein Bruset Jon Olav Roaldset, Maria hagerupsen Halle, Bjørn Gunnar Ansnes, Jorunn Nordvik, Karin Halle, Jenny Stensby, Steffi Bohle og Nils Ove Bruset. Foto. Jon Olav Ørsal

Trivelig at det går an å samle folk til slike arrangement, sa leier i Todalen I.L. Nils Ove Bruset, som ønska gjestane velkomne til julebordsfeiring i eit finpynta ungdomshus med både juletre og skikkeleg julestemning. «Kokkelauget» vart kalla fram til scena og fikk skikkeleg applaus for sitt kulinariske julebord.  Dette er i ferd med å bli tradisjon, sa Bruset som poengterte at dette var andre året og neste år blir det dermed ein tradisjon i Todalen med slikt julebord.

Julebuffe med mykje godt – fleire sortar ribbe og pinnekjøtt og mykje anna godt. Kjøkkengjengen fikk mykje skryt for maten sin! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. november 2019, 13:56