Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka moteoppvisning

Vellukka moteoppvisning

Elinor Bolme Laurdag 6. november 2010

Torsdag kveld var Kårvatn Fjellutstyr innvitert saman med Intersport Surnadal til å vise fram vinterens motar hos Surnadal Sparebank. Banken hadde i tillegg fått storfint besøk av langrennsløparen Eldar Rønning som held eit foredrag om trening og trivsel.

Dette verka som eit populært tiltak, for bankes lokaler var fulle då det heile starta. Eldar Rønning held sitt foredrag før pausen med ein kjapp kaffekopp. Etterpå vart det moteoppvisning. Her gjekk modellar frå dei to inviterte sportsbutikkane annakvar gong, der Jo Kvande Hansen og Gudmund Kårvatn fortalde litt om det kvar enkelt hadde på seg.

Under er eit lite knippe bileter av aktivitetane bak og på scena. Foto: Elinor Bolme.

Publisert: 6. november 2010, 09:31