Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka med solidaritet

Vellukka med solidaritet

Elinor Bolme Tysdag 22. november 2011

Mesta fullsatt sal med forventningsfulle ungar og kjøpelystne foreldre og besteforeldre gjorde sitt til at Todalen Oppvekstsenter sin solidaritetskveld vart ein liten suksess. Skulen har den siste tida hatt undervisning om Nicaragua og inviterte difor til solidaritetskveld for å vise fram det dei hadde lært og ikkje minst laga. For ungane på både skule og barnehage hadde i fleire veker førebudd seg på denne kvelden med produksjon av lyslykter, såper, lys, fat og juletrekuler for å nemna noko.

Alt dette skulle selgast til inntekt til Afrikas Horn, i regi avRedd Barna. I tillegg hadde dei utloddning, og til saman kom det inn vel 13 500 kroner på 1,5 time! Det var ungane sjølve som hadde bestemt kven som skulle få pengane som kom inn.

Under er nokre bilder av arrangementet. Alle foto ElinorB

Publisert: 22. november 2011, 22:57