Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka LAN med Start 4H oppi Skulstuå

Elinor Bolme Sundag 16. september 2018

Som tidlegare nemt har ungane i Start 4H hatt samling i helga med både loddsalg og LAN. Vi har fått ein liten rapport både frå Lisabet Storslett som var deltakar, og Ragna og Line Kvendset som var med og held litt oppsyn.

Dei skriv: Helga start fredag med loddsal på sykkel rundt om i bygd. Oppi Skulstuå venta pizza, pc`ar og ipadar til svoltne loddseljarar. Det vart òg tid til uteleik med «slå på boksen» og laurdagsmorgon vart det fotballspeling etter ei lang LANnatt. På kjøkkenet vart det servert kaffe samt gode og engasjerte skulepolitiske diskusjonar.

Reknar med at det vart ein roleg laurdagsettermiddag for dei fleste. Dette er eit årleg arrangement i regi av Start4H. Kjekt at så mange kom og trur einkvan har byrja å gle seg til neste LAN, skriv Ragna og Line, som også har sendt oss eit knippe bilder som vi har samla i eit galleri nedanfor.

LAN er populært, og mange deltok. Foto: Lisabet Storslett

Mange fekk nokre minutt på auga gjennom natta, medan andre var vak heile natta! Foto Lisabet Storslett

Godt å få «strekkje på seg» etter i LAN(g) natt… Foto Lisabet Storslett

Sjå enda fleire bilder frå LAN-arrangementet. Foto Ragna Kvendset.

Først publisert: 16. september 2018, 06:00 - Sist oppdatert: 15. september 2018, 22:38