Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Velkomne til Gammelskulen

Velkomne til Gammelskulen

Ragna Kvendset Torsdag 9. desember 2010

Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter», alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.

Kort historikk om Gammelskulen:

  • Eldste ståande skulen i kommunen, bygd i 1862 og blir 150år i 2012
  • Gammelskulen og dei nyare skulebygningane frå 1920 og tilbygg frå 1980-tallet, samt barnehagen frå 1989 utgjer eit unikt bygningsmessig  miljø
  • 3.folkehøgskulen i landet hadde tilhald i Gammelskulen
  • Barndomsheimen til diktaren Leif Halse, som gjorde bygda landskjent gjennom «Vangsgutane»
  • Lærar- og utleigebustad frå 1920 og seinare utleigebustad for kommunen
  • Det vert langt fram ei tilstandsvurdering av den verneverdige bygninga.

Muligheit for framtidig bruk av Gammelskulen:

  • Møtestad for ulike lokale og fleirkulturelle aktivitetar
  • Arrangement
  • Utstillingar
  • Open kafe enkelte helgadagar?
  • Anna?

Vi håpar at dei som er interesserte kjem innom for ein prat om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.

Servering av kaffe og nysteikte bakels.

Helsing prosjektgruppa

Først publisert: 9. desember 2010, 13:59 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:04