Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Velkommen til nytt bibliotekår

Velkommen til nytt bibliotekår

Elinor Bolme Torsdag 12. januar 2012

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att sesongen. No er det Karen Johanne Talgø som har teke over administreringa av tilbodet til todalingane, slik at det ikkje skal bli nedlagt. Den 19. januar blir det stengt, men elles blir det ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00 seier ho i ein epost til redaksjonen. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.

Karen Johanne ber brukarane om å komme med tips om korleise bøker de vil låne. Todalen filial kan låne bøker frå
hovudbiblioteket, andre bibliotek, eller eventuelt kjøpe inn. Ho ønsker alle velkomne til nytt bibliotekår!

Publisert: 12. januar 2012, 02:00