Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velkomen til frukost på Bordholmen!

Jon Olav Ørsal Fredag 16. mai 2014

Grunnlovsfeiringa i Todalen startar med biltog frå Matkroken/HalsOil kl 9.30, og går oppover til Gammelfabrikken, der det blir ein kort pause før toget fortsett nedover bygda og endar opp på Bordholmen, der det er fellesfrukost for heile bygda, fortel Knut Bergli. Han er ledar for TILs fotballgruppe, som er arrangør av frukostarrangementet. Fredag kveld var frukoststaben i fullt arbeid med førebuingane og tilrigginga på Bordholmen. Og frukostkomiteen presiserer at frukosten blir på Bordholmen, i og med at vêret er i ferd med å lette.

Steffi_Monica_1485

Steffi Bohle og Monika Klungervik førebur17.-frukosten til sambygdingane. foto: Jon Olav Ørsal

Det er relativt bra vêrmelding til 17. mai, men det blir rigget til eit partytelt i tilfelle nokon vil sitte i ly for vinden. Knut Bergli reknar med at det kjem minst 150 til frukostarrangementet, og har rusta seg godt med mat nok til alle. Etter frukosten blir det litt aktivisering med leikar og trøbilar i området ved Bordholmen. Vidare utover dagen fortsett programmet med folketog frå skulen til kyrkja kl 13.30.  Her kan du laste ned programplakaten.

CarstenBohle

Carsten Bohle feier asfalten framfor klubbhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

telt_1480

Setter opp partytelt på vona om det blir litt kald trekk under frukosten. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 16. mai 2014, 20:00 - Sist oppdatert: 17. mai 2014, 09:09